søndag 23. august 2015

Åses bringebærterte

Denne kaka lærte eg å lage av ein tidlegare kollega, Åse, og kaka er for meg blitt den beste sommarkaka!

Kaka er rask å lage og enkel å pynte. Når det kjem ferske bringebær i butikken, eller ein har eigne bær, er det tid for å lage denne kaka!

Kakebotn som passar til form på 28 cm:

3 egg
2,5 dl sukker
3 dl mjøl
3/4 dl melk
75 g smelta margarin
1 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker

Har du ei mindre form tek du berre 2 egg, 2 dl sukker og 2,5 dl mjøl. Reduser også litt på melk og margarin. Botnen blir god uansett!!

Steik nederst v/200 gr i 25-30 min.

Botnen kan godt lagast dagen før du skal servere den, la den då stå i forma med handkle over. Botnen er lav og skal ikkje delast når du skal lage til kaka.

Pynting:

1 pk Piano vaniljekrem, rør den godt om i ei skål først så den blir glatt, ha deretter kremen over heile kakebotnen.
1 boks med ferske bringebær til pynt. Du kan også bruke frosne bær, sett dei då direkte på vaniljekremen medan dei er frosne.
Dryss melis over bæra før servering.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar