mandag 29. oktober 2012

Fårerull

 Kvar haust brukar eg å lage Fårerull. Dette er julepålegget for meg, og slik rull med den gode smaken får eg ikkje kjøpt i butikken. Eg brukar å lage den sterk i smaken og godt salta, for då smakar den ekstra godt på brødskiva!

Denne oppskrifta kjem frå tanta mi i Austefjorden på Sunnmøre, og slik har den vore laga i familien tidlegare òg. Det er kjekt å lage ekte tradisjonsmat !

I år har eg brukt slagsider av lam, men før har eg brukt mest sider av sau. Lammesidene er sjølvsagt mindre og for å få til ein god rull, så må dei syast fint saman. Det er nesten som å være kirurg her, for her er det litt synsing korleis ein får best fasong på rullen og kva ein har å sy i. Den ytre hinna er lett å dra i og å forme, så den lange spissen som ei slik side har, den syr eg oftast fast før eg byrjar å fylle, sjå bildet rett over her.

Før vart rullen krydra og rulla saman slik den var, men eg brukar å kjøpe ekstra kjøt som eg skjær reint før eg har det i.

Til ei slagside brukar eg denne krydderblandinga:
3 ss salt
1 ss sukker
1 ts ingefær
1 ts pepar
1 ts gelatinpulver
litt salpeter

Sy saman med kraftig tråd!

Lake til 2 rullar:
2 l vatn
40 g sukker
400 g fint salt
1 ts salpeter

Det går fint å røre ut laken med kaldt vatn, men det trengs litt tid til å løyse opp alt saltet. Rør til laken blir klar. Legg oppi dei ferdige rullane og la dei ligge ca ei veke, eller til laken byrjar å bli "dårlig". Frys ned rullane.

Koking av rull:
Rullen må surrast godt med snøre før koking!
Kok i lettsalta vatn tilsett ein halv løk.
La den trekke i 2 t.
Legg rullen i press til den er kald.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar